For at elevane skal kunne utvikle kritisk tenking er det viktig at dei les ulike tekstar, i tillegg til læreboka, med ulike perspektiv på ei sak, og drøfter desse saman med andre. I denne ressursen er målsettinga å bygge ei felles forståing for kvifor ein bør jobbe med multiple tekstar i skulen og korleis dette kan gjerast.
Lesing av ulike kjelder om same tema
I læreplanen står det at elevane skal kunne «vurderer ulike kilder til kunnskap og tenke kritisk om hvordan ny kunnskap utvikles» (LK20, overordna del).
Sentrale spørsmål
- Kvifor er det viktig å jobbe med multiple tekstar og kritisk lesing i skulen?
- Korleis kan multiple tekstar stimulere til djupneforståing?
- Korleis arbeide med multiple tekstar i klasserommet?
Pakken er utvikla av: Wenke Mork Rogne, HVO (fagleg ansvarleg), Marit Wadsten og Unni Fuglestad.