Nettbrett med kamera holdes opp foran lagerreoler. Skjerm viser kamerabilde av reolene.

Lesing av ulike kjelder om same tema

I læreplanen står det at elevane skal kunne «vurderer ulike kilder til kunnskap og tenke kritisk om hvordan ny kunnskap utvikles» (LK20, overordna del).

For at elevane skal kunne utvikle kritisk tenking er det viktig at dei les ulike tekstar, i tillegg til læreboka, med ulike perspektiv på ei sak, og drøfter desse saman med andre. I denne ressursen er målsettinga å bygge ei felles forståing for kvifor ein bør jobbe med multiple tekstar i skulen og korleis dette kan gjerast. 

Sentrale spørsmål

  • Kvifor er det viktig å jobbe med multiple tekstar og kritisk lesing i skulen?
  • Korleis kan multiple tekstar stimulere til djupneforståing?
  • Korleis arbeide med multiple tekstar i klasserommet?

 

Pakken er utvikla av: Wenke Mork Rogne, HVO (fagleg ansvarleg), Marit Wadsten og Unni Fuglestad. 

Kvifor lese ulike tekstar om same tema?

Kvifor lese ulike tekstar om same tema?
Målet for denne økta er å kome med innspel på kvifor det er viktig å jobbe med multiple tekstar og korleis dette kan koplast til kritisk tenking og djupneforståing.

55 min

Korleis arbeide med ulike tekstar i klasserommet?

Målet for denne økta er å kome med innspel på korleis ein kan leggje til rette for arbeid med ulike tekstar i undervisninga.

60 min