To tenåringer ser på hverandre gjennom en bokhylle

Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs

Eit godt skulebibliotek fremjar leseglede og trivsel. Det er ein lærings- og danningsarena, og ein reiskap for læraren. Med aktiv bruk av biblioteket kan vi få elevane til å lese meir, øve dei opp i kritisk tenking og få dei til å bruke ulike informasjonskjelder i skulearbeidet.

Når elevane har tilgang til mange, ulike tekstar, kan det gjere dei til betre lesarar. Vi veit òg at dei blir betre lesarar av å lese i fritida. Difor er det så viktig å gi elevane mykje litteratur å velje i. Skulen bør ha god kjennskap til litteratur og kompetanse på å formidle den. Her kjem skulebiblioteket og skulebibliotekaren inn som nyttige ressursar for læraren.

Opplæringslova med forskrift slår fast at alle elevar skal ha tilgang til eit bibliotek, at biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skulen og at det skal brukast aktivt i undervisninga. Skulebiblioteket skal vere ein læringsarena på tvers av fag og eit verktøy for formidling av trykte og digitale tekstar, uavhengig av elevens lese- og funksjonsnivå. Biblioteket kan slik bidra til å utjamne sosiale og digitale skilje og fremje personleg vekst hos den enkelte elev.

Image
Tenåringer i et bibliotek

Sentrale spørsmål:

  • Korleis kan skulebiblioteket bidra til å oppfylle krava i læreplanen?
  • Korleis kan skulebiblioteket bli forankra i planane til skulen?
  • Korleis kan skulen sikre godt samarbeid mellom skulebibliotekar og lærar?
  • Kva kjenneteiknar god informasjonskompetanse?
  • Korleis samarbeide med skulebibliotek om leseundervising?
  • Korleis kan skulebiblioteket bidra med litteraturformidling?
  • Korleis kan skulebiblioteket gi elevane rom for å utvikla kreativitet, skaparkraft og digital kompetanse?
  • Korleis samarbeide med eksterne aktørar for å utvikle eit skulebibliotek for framtida?

Pakken er laget av Ine Marit T. Bertelsen, Siri Ingvaldsen og Marit Aasen.

Erfaringsdeling og vegen vidare

I denne økta delar me erfaringar og drøftar utfordringar og konkrete tiltak ved eige skulebibliotek. Det er eit mål etter arbeidet med økta at skulen har definert nokre konkrete tiltak for å utvikle biblioteket og auke bruken. 

45 min