Når elevane har tilgang til mange, ulike tekstar, kan det gjere dei til betre lesarar. Vi veit òg at dei blir betre lesarar av å lese i fritida. Difor er det så viktig å gi elevane mykje litteratur å velje i. Skulen bør ha god kjennskap til litteratur og kompetanse på å formidle den. Her kjem skulebiblioteket og skulebibliotekaren inn som nyttige ressursar for læraren.
Opplæringslova med forskrift slår fast at alle elevar skal ha tilgang til eit bibliotek, at biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skulen og at det skal brukast aktivt i undervisninga. Skulebiblioteket skal vere ein læringsarena på tvers av fag og eit verktøy for formidling av trykte og digitale tekstar, uavhengig av elevens lese- og funksjonsnivå. Biblioteket kan slik bidra til å utjamne sosiale og digitale skilje og fremje personleg vekst hos den enkelte elev.