tenåringsjente skriver

Nynorsk som hovudmål

Elevar med nynorsk som hovudmål har nokre utfordringar som elevar med bokmål som hovudmål ikkje møter. I denne fagressursen ser vi på korleis vi som lærarar i alle fag kan hjelpe elevane til å bli trygge nynorskbrukarar.

Målet med Nynorsk som hovudmål er å leggje til rette for refleksjon rundt god, nynorsk opplæring i alle fag. Vi ser nærare på korleis vi som lærarar kan motivere elevane til å lese og skrive nynorsk, og kvar vi kan finne aktuelle, nynorske tekstar til ulike fag. Vi vil også vise døme på korleis vi kan arbeide med ord og omgrep ved lesing av fagtekstar, og måtar å møte utfordringa med at mange kjeldetekstar er på bokmål.

  • Kva særlege utfordringar har elevar med nynorsk som hovudmål?
  • Korleis kan vi sikre at nynorskelevane blir trygge språkbrukarar?
  • Kva rettar har elevane med nynorsk som hovudmål til læremiddel på nynorsk?
  • Kvar kan vi finne vi gode, nynorske tekstar?
  • Korleis arbeide med ord og omgrep?
  • Korleis kan arbeid med tekstar på bokmål vere læringsfremjande for tekstforståing og nynorsk språkføring?

 

Pakken er laga av Liv Astrid Skåre Langnes ved Nynorsksenteret (fagleg ansvarlig) i samarbeid med Ingeborg M. Berge ved Lesesenteret (pakkeansvarlig).

Motivasjon og identitet

I denne økta vil vi sjå nærare på elevane med nynorsk som hovudmål sine haldningar til eige skriftspråk. Vi vil også diskutere om der er ulike måtar vi kan hjelpe nynorskelevane til å bli trygge nynorskbrukarar som får utvikle sin språklege identitet. Økta ender i eit oppdrag. Vi har lagt opp til to ulike oppdrag der ein lærar i kvar klasse gjennomfører det eine oppdraget (språkbiografi), og dei andre lærarane gjennomfører det andre oppdraget.

Det nynorske tekstmangfaldet

Intensjonen med denne økta er å bli medvitne kor viktig det er at elevane med nynorsk som hovudmål får læremiddel, digitale ressursar og tilvalsstoff på nynorsk, kjenne til nynorskelevane sine rettar til læremiddel på hovudmålet sitt og sjå kvar vi kan finne nynorske tekstar utanom lærebøkene, både saktekstar og skjønnlitteratur.

47 min

Arbeid med ord og omgrep

Intensjonen med denne økta om språklege ferdigheter, er å bli meir bevisste på kva for utfordringar elevar kjenner på i møte med skulen sine tekstar og korleis ein som leselærar kan hjelpe dei i ulike fag sine tekstar og tekstkulturar. (Fagflimane og refleksjonsoppgåvene i denne økta er henta frå økta "Arbeid med ord og omgrep" i pakken "God leseopplæring". Dersom de har arbeidd med denne økta tidlegare, kan de hoppe over henne. Erfaringsdeling frå oppdraget i økt 2 er lagt til økt 4. Det er ikkje lagt inn noko oppdrag her.)

23 min

Å samanlikne nynorsk og bokmål

Intensjonen med denne økta er å bli medvitne korleis ein kan samanlikne språket i tekstar på bokmål og nynorsk om same tema. Vi ser også på kvifor det kan vere læringsfremjande for tekstforståing og nynorsk språkføring.

44 min

Nynorsk rettskriving

I denne økta ser vi nærare på nokre av dei mest typiske skrivefeila elevar med nynorsk som hovudmål gjer, og korleis ein kan hjelpe elevane til å få betre rettskriving i tekstane sine.

36 min