Nynorsk rettskriving: Oppdrag
I denne filmen viste vi fleire tips til korleis ein kan rettleie elevane i nynorsk rettskriving:
- Lære å bruke ordboka
- Lage liste over ord ein ofte skriv feil
- Jobbe med eitt tema om gongen
- Undervegsvurdering før endeleg innlevering
- Rette med fargekodar
Vel eit eller to tips som du tenker kan vere relevant å arbeide med i dine fag. Prøv så ut eit eller to av tipsa.
Samtal i gruppa om korleis de kan arbeide systematisk med språkleg rettleiing på tvers av fag.