Fagfilm: Å samanlikne fagtekstar på bokmål og nynorsk
Nokre av nynorskelevane kan oppleve det å skrive fagtekstar som vanskeleg. Vi veit at det finst få kjelder og eksempeltekstar på nynorsk i fleire av faga. Elevane har ofte lite teksttilfang og få språklege forbilde på nynorsk når dei skal skrive sakprega tekstar.
I denne fagfilmen ser vi på korleis det kan vere læringsfremjande for elevane å lese tekstar på bokmål av og til. Dersom vi samtalar om likskapar og ulikskapar i omgrep og setningsstruktur, kan det å nytte nokre kjelder på bokmål parallelt med fagstoff på nynorsk hjelpe for språkforståinga.
Ta gjerne notat undervegs i filmen. I neste øktelement er det lagt opp til diskusjon om filmen.