Å samanlikne nynorsk og bokmål: Refleksjonssamtale
Når elevane les tekstar på både bokmål og nynorsk om same tema i dine fag, har du som lærar ein unik sjanse til å vise dei likskapar og ulikskapar mellom fagomgrep og skrivemåte på bokmål og nynorsk.
I filmen kjem det fram at denne samanlikninga kan gje elevane:
- Auka ordforråd
- Djupare forståing av innhaldet i fagomgrep
- Større tryggleik på eiga målform
- Høve til å hugse fagstoff betre ved omskriving frå bokmål til nynorsk
Er de samde i ein eller fleire av desse påstandane, eller har de andre erfaringar?
Jobb først 3 minutt individuelt med spørsmåla. Noter ned stikkord.
Samtal i 10 minutt om refleksjonane de gjorde kvar for dykk.