Å samanlikne nynorsk og bokmål: Oppdrag
Finn ein fagtekst på bokmål med same tema som de arbeider med i eitt av dine fag.
La elevane lese teksten saman to og to i ein undervisningstime. Be dei leite etter:
- Ord og fagomgrep som er ulike på nynorsk og bokmål.
- Formuleringar som ville vore annleis om teksten var på nynorsk.
Elevane kan bruke vedlagde skjema (under Ressurser) for å samanlikne ord og fagomgrep på nynorsk og bokmål.
La elevane jobbe to og to med å skrive eit samandrag av teksten på nynorsk. Diskuter kva dei legg vekt på, både når det gjeld val av fagomgrep og formulering av setningar.
Document
NY -Spraaklege_likskapar_og_ulikskapar.pdf
(39.86 KB)