illustrasjon

God leseopplæring

Lesing er å forstå, bruke, vurdere, reflektere over og engasjere seg i tekst. Korleis kan alle lærarar leggje til rette for å utvikle lesekompetansen til elevane?

Målet med “God leseopplæring” er å leggje til rette for refleksjon over kva lesing er og korleis ein kan arbeide med lesing i klasserommet, i tråd med overordna del i LK20 som understreker betydninga lesing har gjennom heile opplæringsløpet. Lærarar i alle fag skal støtte elevane i dette arbeidet, frå den første leseopplæringa til det å kunne lesa avanserte faglege tekstar (LK20).

Vi vil sjå nærmare på kva som kjenneteiknar den gode lesaren og den dyktige leselæraren. God leseopplæring handlar om å utvikle lesarar som er engasjerte, strategiske, som har gode språklege ferdigheiter og god tekstkompetanse. Øktene i denne pakka vil gå inn på ulike sider ved lesing og korleis lærarar kan vidareutvikle eigen praksis.

Image
illustrasjon av ulike personer som leser
  • Kva er lesing og kva kjenneteiknar god lesekompetanse?
  • Kva gjer dei dyktige leselærarane?
  • Korleis kan læraren skape engasjement for lesing?
  • Korleis kan læraren aktivere eller byggje forkunnskap?
  • Korleis arbeide med ord og omgrep?
  • Korleis utvikle tekstkompetansen til elevane?
  • Kva kjenneteiknar strategiske lesarar?
  • Korleis kan læraren bidra til at elevane vert strategiske i eiga læring?

Engasjement og forkunnskap

Korleis kan læraren skape auka engasjement for lesing, og på ulike måtar aktivere eller byggje forkunnskapar hos elevane?

40 min

Arbeid med ord og omgrep

Korleis kan ein som lærar hjelpa elevane til å utvikla fagspråket sitt, både før, under og etter lesing?

40 min

Vidare arbeid med lesestrategiar

Målet med økta er å dele erfaringar frå arbeidet med lesestrategiar, og planlegga vidare arbeid med å støtta elevane i å lære å lære (LK20).

20 min

Å utvikle lesarar med god tekstkompetanse

Korleis kan ein som lærar støtta elevane i å orientera seg i tekst, tolka tekstelement og reflektera over form og innhald i tekstar?

60 min