Å utvikle lesarar med god tekstkompetanse: Samtale

I første økta i denne pakka, Kva er lesing?, blir mellom anna følgjande poeng knytt til elevanes tekstkompetanse presentert:

«God leseferdigheit betyr også å kunna lesa på ulike måtar og innta ulike posisjonar i møte med teksten, ut frå formålet med lesinga og teksttype. Det kan vera å sjå over teksten før ein begynner å lesa, leggja merke til korleis teksten er strukturert og tenka over kva ein veit om emnet frå før. Underveis i lesinga orienterer ein god lesar seg i teksten og beveger seg slik mellom ulike delar og ulike nivå. Dette kan innebæra å finna samanhengar, trekka slutningar, lesa selektivt, skilja ut viktig informasjon, oppsummera og samanfatta det leste. Ein god lesar behersker ulike aspekt ved lesinga, som å finna informasjon, forstå og tolka opplysningar i teksten og reflektera over og vurdera form og innhald i teksten.

(…)

Og så treng ein kunnskap om og erfaring med eit mangfald av tekstar og sjangarar – både papirbaserte og digitale. Ein god lesar kan forhalda seg til tekstar kor innhaldet er strukturert på ulike måtar. Og så kan ein forstå og integrera informasjon frå ulike meiningsberande ressursar, for eksempel illustrasjonar, symbol, tabellar, kart, grafar og diagram. Lesinga skal kunna brukast til å tileigna seg kunnskap innafor alle skulefag.»

Samtal i smågrupper: Korleis vil du karakterisera tekstkompetansen til elevane dine? Kva utfordringar erfarer du i ditt klasserom når det gjeld elevane sin tekstkompetanse?