Prøv ut i praksis: Modelltekstar som stillas
Planlegg og prøv ut i eigen praksis:
- Identifiser ein type skriving i ditt fag der det kunne vera nødvendig å gi elevane skrivestøtte i form av ein modelltekst.
- Planlegg saman korleis de kan: byggja emnet, dekonstruera modelltekst og modellera skriving med utgangspunkt i modellteksten.
Erfaringsdeling:
Avtal når de skal møtast for å dela erfaringar, få innsikter i andre sine erfaringar med modelltekstar og å bli utfordra på eigen praksis og å utfordra andre sin praksis.
- Ta med det opplegget du har gjennomført til erfaringsdelingsøkta.
- Del erfaringane dine med bruk av modelltekstar med dei andre i gruppa.
- Diskuter fordeler og ulemper ved bruk av modelltekstar i dine fag i gruppa? Finst det noko som kollegiet kan gjera for å minka utfordringane?