Skriftspråkmøter
Både i og utanfor barnehagen er barn omgitt av skriftspråk. Barn lærer mykje om skriftspråket ved å observera det, utforska det og erfara menneske som bruker det og har glede og nytte av det. På denne måten startar skriftspråksutviklinga lenge før barna startar i skulen – og til og med før dei opplever eit behov for å lesa eller skriva sjølv.
Av Trude Hoel og Heidi Sandø
Skrivande modellar
Dei vaksne i barnehagen bruker skrift til å skriva og registrera på lister, skriva handlelister, hugselappar, vekeplanar og beskjedar. I tillegg les dei bøker saman med barna. Dei er med andre ord skrivande og lesande modellar. Når barna får ta del i desse aktivitetane, oppstår rom for samtalar som gjer det mogleg for barna å bli kjende med skriftspråket. Det er spennande å få vera med på å finna sitt eige namn eller å få skriva namnet sitt på lista! Tenk å få vera med på å skrive handlelista! Det opplevast som viktig å få signera på teikninga som skal hengja på veggen slik at alle ser at du har skrive! Og det er stas å få skriva innbydinga eller plakatar til konserten på leikerommet!
Alle barna får til å leika med dette. Nokre skriv med leikeskrift eller skribleskrift, som er den første måten barn etterliknar skrifta på, andre skriv med nokre få eller fleire bokstavar, og då gjerne hulter til bulter. Andre har lært seg bokstavane. Barna utviklar seg i sitt eige tempo og dei har ulik interesse for skriftspråket. Det viktigaste er at dei får sjansen til å utforska og leika med språk i barnehagen.
Barnehagen sin tekstkultur
Når me kjem inn i ein barnehage, blir me møtt av skrift på plakatar, skilt, lappar, notat og i kvardagsforteljingar – ofte i kombinasjon med andre uttrykksformer som teikningar, foto, maleri, illustrasjonar frå barnebøker og kollasjar. Ulike tekstuttrykk dekkjer gjerne heile veggar med sterke og friske fargar, og dette er med på å laga ein visuelt appellerande barnehage både for barna, foreldra og dei tilsette. Både verbal og visuell tekst på veggar og golv i mange rom er med på å karakterisera barnehagen som pedagogisk institusjon – dei er eit uttrykk for barnehagen sin tekstkultur. Det som heng på veggane er dessutan viktig for det einskilde barnet.
Eva Maagerø[i] stiller eit viktig spørsmål i si forsking på barnehagen sin tekstkultur: I kor stor grad blir tekstane på veggar og golv brukt i barnehagen sitt pedagogiske arbeid? Blir desse tekstane i hovudsak sett på som attraktiv dekor, eller er dei tilsette i barnehagane flinke til å bruka det pedagogiske potensialet som finst i tekstane? Ho konkluderer med at ho saknar ein plan for tekstane i barnehagen – både med tanke på utval og bruk. Slik det er no, er utforminga og bruken av tekstane i hovudsak spontan, meiner ho.
Tekstkultur og identitet
Det er ofte barna sine aktivitetar som har hovudfokus i barnehagen sin tekstkultur, og tekstane gjev informasjon om dagliglivet i barnehagen, turar, prosjekt, leik og besøk. Dei fleste teikningane og maleria har barna laga sjølv. Andre tekstar er laga av dei tilsette, primært som dokumentasjon frå turar og feiringar. Mange av tekstane som dei vaksne har laga, er skrivne tekstar på den målforma som blir brukt i kommunen, og me kan sjå både handskrift og trykt skrift til dømes i kvardagsforteljingar og instruksjonar for vasking av hender. I barnehagar kor ulike kulturar er representert, kjem dette gjerne til uttrykk i tekstane. I fleire av tekstane kan me sjå namnet til barna som har teke del i ulike aktivitetar. Me kan òg sjå presentasjonar av barna med bilete, namn og fødselsdato. Å bli stilt ut gjennom foto, namnelappar og kunstuttrykk er viktig for barna, som freistar å finna ein identitet og sin plass i barnegruppa. Barn er derfor særleg opptekne av tekstar dei har laga åleine eller saman med andre, og bilete kor dei kan sjå seg sjølv eller personar dei har nære band til. Identitetsskapinga til barna kan me også kjenna att i måten dei blir kjende med bokstavane på.
Dei første bokstavane barn viser interesse for er gjerne sin eigen bokstav og bokstavane til andre personar, dyr og figurar dei er opptekne av: ”P er Pippi sin bokstav, D er Donald sin bokstav, O er Oda sin bokstav, T er min bokstav.” (Tale, 4 år). For barnet er bokstaven eit symbol på personen eller figuren, og barnet sitt tidlege fokus på min bokstav er eit uttrykk for egosentrisk interesse og ei sterk personifisering. Ein god måte i å gjera «Min bokstav» synleg på er å hengja opp bilete og namna til barna og dei vaksne på veggen. Nokre bokstavar får kanskje fleire bilete. Om me ved høve «smakar» på Ada og Anders sine namn, og kanskje til og med studerer munnen i spegelen når me seier A-A-A, så ser me at lydane er like. Dette er vår bokstav! Slike bokstavar og bilete må hengjast i barnehøgd og dei må kunne tas ned slik at barna kan bruka dei når dei teiknar og skriv sjølv.
Skriftspråkerfaringar
Barna kjem frå heimekulturar som er forskjellige både sosialt, kulturelt og språkleg, og dei har dermed ulik tilgang til skriftspråkserfaringar i heimane sine. For at alle barn skal få grunnleggjande erfaringar med skriftspråk, er det viktig at dei får møta og utforska skriftspråket i barnehagen. Også små barn i alderen 1,5–3 år deltek i skriftspråklege aktivitetar i barnehagen[ii] – dette er ikkje aktivitetar som skal reserverast for dei som skal starta i skulen til neste år. Derimot er det slik at dei yngste hentar inspirasjon i det dei eldste barna er opptekne av og driv med, i tillegg til at dei erfarer at dei vaksne er aktive skriftspråkbrukarar – og derfor er det viktig at heile barnegruppa har tilgang til papir, fargar, blyantar og bøker.
Skriftspråklege aktivitetar er noko dei vaksne i barnehagen kan leggja til rette for, men det er også noko som barna sjølv set i gang, t.d. som leikelesing og leikeskriving, og for at dei vaksne skal vera gode rollemodellar, må dei vera til stades når barna viser interesse for å bruka skrift for å utrykkja seg, som i kvardagsforteljinga under:
Ein vaksen las Monsterkokkene lager hai-te av Wenche With for ei gruppe barn. Dette er ei bok som handlar om å vera redd for monstre under senga. Den vaksne las boka med innlagte lesestopp der barna fekk fortelja om eigne erfaringar med det å vera redd for noko. Etter lesestunda fekk barna muligheit til å teikna og skriva til historia.
Hanne (4 år) skreiv heile arket fullt med skribleskrift, før ho ved hjelp av ein vaksen tok i bruk dei bokstavane ho kunne frå før. Den vaksne var tett på då Hanne teikna og stilte ho spørsmål undervegs: Kva har du teikna der? Er det haien som er fanga i glaset? Hanne kjente fleire bokstavar frå namnet sitt som ho tok i bruk i skrivinga. Den vaksne støtta Hanne då ho utforska bokstavlydane før ho skreiv dei ned på teikninga si. Hanne teikna ein hai med store tenner før ho skreiv ordet hai ved sida av. I aktiviteten oppdaga Hanne korleis bokstavar kan bli til ord. Det var ein stolt fireåring som gjekk heim denne dagen!
Når barna held på med leikelesing og leikeskriving, omtaler dei gjerne seg sjølve som ”skrivarar” og ”lesarar”, og dette er med på å stadfesta kor viktige aktivitetane er for dei. For dei tidlege skrivarane og lesarane er det ingenting som er rett eller galt. Det viktigaste er at barna får uttrykkje seg ut ifrå eigen ståstad og at dei vaksne støttar og ikkje korrigerer dei i slike prosessar.
Bokstavgjenkjenning og bokstavkjennskap
Å forma bokstavar eller bokstavliknande teikn er tidlege skriveerfaringar, og å kjenna igjen bokstavar er tidlege leseerfaringar. Gjenkjenninga av bokstavane er frå starten basert på forma på bokstavane og det er dei ulike formene som skil bokstavane frå kvarandre: ein runding eller sirkel er ein O/o og ein loddrett strek med ein vassrett strek oppå er ein T/t. Det er eit bredt spenn i 6-åringars bokstavkjennskap, noko som kjem tydeleg fram i filmen Skriftspråkmøter og bokstavkjennskap. Barn møter skriftspråket i barnehagen, og her blir dei oppmoda til å utforska og leika med bokstavar og andre teikn.
Ulikt mange andre samfunn, så skal dei tilsette i norske barnehagar ikkje læra barna å lesa og skriva. I barnehagen skal barna ”bli fortrulege med symbol som tal og bokstavar” (Rammeplan, 2011, s. 41). Fortrulege med betyr at dei skal bli kjende med forma på, lyden av og namnet til bokstavane – altså ikkje at dei skal læra alfabetet. Barnehagen har ei viktig oppgåve i arbeidet med å etablera og utvikla barna sin interesse for – og kjennskap til – bokstavane.
Skriftspråkmøte som kjelde til leik og læring
Både i og utanfor barnehagen er me omgitt av skriftspråk – dette er ein viktig del av det å voksa opp i eit skriftspråkssamfunn. Alle desse skriftspråklege uttrykka inviterer til samtale, og kan vera ei kjelde til leik og læring. Å skriva ned barnas eigne dikt, regler, songar og forteljingar, som dei spontant lagar i leiken, kan gje motivasjon for å utforska både munnleg og skriftleg språk. Skriv dei ned på ark som barna kan teikna eller mala på. Arbeidet med dei eigne dikta eller forteljingane kan setjas saman til bøker som barna kan få med seg heim.
[i] Maagerø, Eva (2013). Tekster på vegger og gulv. Multimodal literacy i barnehagen. I: Semundseth, M. og Hopperstad, M. H. (red.) (2013). Barn lager tekster. Om barns tidlige tekstproduksjon og de voksnes betydning. Oslo: Cappelen Damm.
[ii] Bjørklund, E. (2008). Att eröva litteracitet: små barns kommunikativa möten med berättande, bilder, text och tecken i förskolan (Vol. 270). Göteborg: Acta Universitatis Gothoburgensis.