Arbeid med ord og omgrep: Introduksjon
Elevane vil oppleve å møte mange og krevjande tekstar i skulen. Det kan vere ulike årsaker til at tekstane er vanskelege å få grep om. Teksten kan ha ein struktur elevane ikkje kjenner til, ei setningsoppbygging som gjer han tung å lese, eller ha mange ord og omgrep som er ukjente.
Lesekyndige lærarar opplever sjeldnare dei same vanskane i møte med tekst. Vedlagt ligg tre ulike teksttypar: ei hekleoppskrift, utdrag frå golfreglar og to green text-forteljingar (sjå "Nedlastinger"). Felles for tekstane er at dei er del av tekstkulturar med ord, omgrep og strukturar som er ukjente for «utanforståande».
Kvar lærar les den teksten som han/ho tenker er mest ukjent. Etter å ha lese teksten, diskuterer de spørsmåla under:
- Korleis opplevde du det å lese ein tekst som inneheld ukjente ord og uttrykk?
- Kva kunne ha hjelpt deg til å forstå teksten betre?
Document
Hekleoppskrift.pdf
(326.39 KB)
Document
Golfregler.pdf
(62.83 KB)
Document
Green text - pdf versjon.pdf
(38.59 KB)
Document
Støtteark til green text.pdf
(59.84 KB)