Arbeid med ord og omgrep: Introduksjon

Elevane vil oppleve å møte mange og krevjande tekstar i skulen. Det kan vere ulike årsaker til at tekstane er vanskelege å få grep om. Teksten kan ha ein  struktur elevane ikkje kjenner til, ei setningsoppbygging som gjer han tung å lese, eller ha mange ord og omgrep som er ukjente.

Lesekyndige lærarar opplever sjeldnare dei same vanskane i møte med tekst. Vedlagt ligg tre ulike teksttypar: ei hekleoppskrift, utdrag frå golfreglar og to green text-forteljingar (sjå "Nedlastinger"). Felles for tekstane er at dei er del av tekstkulturar med ord, omgrep og strukturar som er ukjente for «utanforståande».

Kvar lærar les den teksten som han/ho tenker er mest ukjent. Etter å ha lese teksten, diskuterer de spørsmåla under:

  • Korleis opplevde du det å lese ein tekst som inneheld ukjente ord og uttrykk?
     
  • Kva kunne ha hjelpt deg til å forstå teksten betre?