Fagfilm: "Å lese multiple tekstar"
I fagteksten Kvifor lese ulike tekstar om same tema? las de om korleis kjeldemedvit, samanstilling og kontekstualisering er viktige ferdigheiter for å utvikle elevane si kritiske tenking.
Korleis kan ein som lærar leggje til rette for slikt arbeid i klasserommet?
I denne filmen, Å lese multiple tekster, ser ein korleis elevar på ungdomssteget drøftar ulvehald i Noreg med utgangspunkt i informasjon frå ulike digitale og papirbaserte kjelder.
Noter ned ulike spørsmål, arbeidsmåtar og strategiar som vert brukte i filmen.
Bruk gjerne vedlagte skjema (under Ressurser) til å notere spor av Wineburgs tre ferdigheiter.
Document