For å lukkast med lokalt utviklingsarbeid er det viktig å setje av tid, forankre arbeidet i lokale planar, og at skuleleiinga tek del i planlegging, organisering og leiing av satsinga. Vi vil her kome med nokre anbefalingar når ein skal i gang med Språkløyper, og presentere metodar som vert lagt til grunn for organisasjonslæring og skulebasert kompetanseutvikling.
Innhald:
- Å kome i gang med Språkløyper
- Oppstartsmøte
- Organisering/ gjennomføring
- Skulebasert kompetanseutvikling
- Refleksjon som metode i Språkløyper
- Referanser
Å kome i gang med Språkløyper
Det bør setjast ned ei styringsgruppe/prosjektgruppe som, i samarbeid med skuleleiinga, tek ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av Språkløyper. Det er naturleg at lærarar med interesse for lesing, skriving og/eller utviklingsarbeid blir del av styringsgruppa. Alle lærarar har ansvar for god lese- og skriveopplæring i sine fag, vi vil derfor rå til at styringsgruppa har representantar med bakgrunn i ulike fag og trinn.
Styringsgruppa startar arbeidet med å skaffe seg oversikt over tema for dei ulike pakkene og drøfte på kva måte personalet skal involverast i val av tema/pakke(r). Til kvar pakke vil det finnast ein kort presentasjonstekst, stikkord over det mest sentrale fagstoffet under ”Dette lærer du” og eit dokument om ”Slik bruker du pakken” som kan vere til hjelp når ein skal orientere seg i dei ulike pakkene. Nokre pakker passar å bruke felles i samla personale, andre passar for utvalde grupper av lærarar (for eksempel dei som arbeidar med begynneropplæringa).
Styringsgruppa bør drøfte kva organisering ein ønskjer å leggje opp til: skal ein velje ei pakke heile personalet arbeidar med saman, eller skal ein dele personalet i grupper som arbeider parallelt med ulike tema? Arbeidet bør uansett organiserast slik at heile personalet vert involvert i arbeidet med Språkløyper. For å sikre forankring i organisasjonen og engasjement for utviklingsarbeidet, vil det også vere ein fordel å involvere lærarane i val av pakke(r). Dette kan gjerast på eit oppstartsmøte i samla personale.
Oppstartsmøte
Oppstartsmøte for samla personale kan vere i skulens fellestid eller ein planleggingsdag. Her kan ein starte med presentasjonen ”Dette er Språkløyper” og gå gjennom ingresstekst og ”Dette lærer du” for dei ulike pakkene. Målet for oppstartsmøtet er å engasjere og motivere personalet til å ta del i utviklingsarbeidet, og ein måte å sikre dette er å involvere alle i drøfting av val av pakke(r).
Drøftinga kan baserast på grupperefleksjonar om kva område innan lesing og skriving skulen har behov for å utvikle vidare. Ståstedsanalysen kan også brukast til å kartleggje skulens eksisterande praksis.
Organisering/gjennomføring
Styringsgruppa/prosjektgruppa legg opp plan for gjennomføring av pakken(e). Det bør peikast ut ein eller to som har ansvar for å leie den praktiske gjennomføringa av øktene (samlingane). ”Slik bruker du pakken” skal vere ei støtte til den/dei som leier samlingane. Det er viktig at den/dei som skal leie øktene set seg inn i innhaldet i økta på førehand. Det vil då vere lettare å styre tida og organisere grupperefleksjon, diskusjon om praksisutprøving og erfaringsdeling.
Planen for gjennomføring bør ha datoar for når ein skal arbeide med dei ulike øktene i fellestida. I tillegg til å setje av tid på fellesmøte med jamne mellomrom, bør det også setjast av tid på trinn/team der ein kan planlegge og diskutere praksisutprøving.
Arbeidet kan gjerne organiserast i form av faste grupper som samarbeider over tid. Desse kan organiserast ut frå trinn, fag eller team, men det kan også vere fruktbart for utviklingsprosessane å setje saman nye grupper på tvers av allereie eksisterande samarbeidsgrupper.
Uavhengig av korleis gruppene vert organisert er det sentralt at det vert sett av god tid til refleksjon og drøfting. Erfaringsdeling i plenum bør også vere faste innslag. I tillegg til å samtale om det faglege innhaldet knyta til god lese- og skriveopplæring, bør ein også jamleg leggje opp til metasamtalar om samarbeid og utviklingsarbeid. Å etablere ei felles forståing av korleis ein utviklar praksis i lag på skulen, og kvifor dette er viktig, er også eit sentralt aspekt ved kompetanseutviklingspakkene i Språkløyper.
For hørselshemmede og andre som kan ha nytte av det arbeider vi med å tekste filmene i de forskjellige kompetanseutviklingspakkene. Dette arbeidet pågår, og du finner en oversikt over tekstede filmer her.
Skulebasert kompetanseutvikling
Å ta i bruk Språkløyper er skulebasert kompetanseutvikling. Gjennom refleksjon og delingskultur skal ein i lag utvikle kompetanse og praksis innan lesing og skriving på den enkelte skule, samt styrke kunnskapen om lokalt utviklingsarbeid i eigen organisasjon.
Språkløyper byggjer på kunnskap og erfaring frå andre statlege satsingar på skuleutvikling, og legg følgjande definisjon frå Utdanningsdirektoratet (2013) til grunn:
”Skolebasert kompetanseutvikling innebærer at skolen, med ledelsen og alle ansatte, deltar i en utviklingsprosess på egen arbeidsplass. Hensikten er å utvide skolens samlede kunnskap, holdninger og ferdigheter når det gjelder læring, undervisning og samarbeid.”
Frå forsking veit vi at lærarane er den enkeltfaktoren i skulen som har størst påverknad på elevane si læring, og at skular der lærarane arbeidar i lag med å utvikle praksis er dei skulane som lukkast best. Vi veit også at når lærarar lærer, lærer elevane. Lærarar som samarbeider, kan oppnå meir i fellesskap enn om dei jobbar aleine. Skular som lukkast med å utvikle seg er prega av god samarbeidskultur, forskande tilnærming, felles visjonar og tek kollektivt ansvar for elevane og lærarane si læring.[i]
Kompetanseutviklingspakkene i Språkløyper er derfor meint som verktøy som kan hjelpe skulane i arbeidet med eigen kompetanseutvikling. Målet er at arbeidet med kompetansepakkene vil føre til arbeidsplasslæring, ved hjelp av faglege innspel om lesing og skriving, refleksjonssamtalar og praksisutprøving.
For å lukkast i arbeidet er det viktig å leggje til rette for systematisk utvikling og forpliktande samarbeid på organisasjons- og individnivå over tid. Skuleleiar har eit særskild ansvar for utvikling og endring i skulen, og for at det vert etablert gode arenaer for kompetanse- og erfaringsdeling. Prinsippa i Rammeverk for skolebasert kompetanseutvikling, som ligg til grunn for skuleutvikling i satsinga Ungdomstrinn i utvikling, vil også gjelde for skuleutvikling på alle nivå i skuleløpet.
Vidare perspektiv på organisasjonslæring og korleis leie arbeidet med skulebasert kompetanseutvikling finn ein også i Teoretisk bakgrunnsdokument for arbeid med organisasjonslæring.
Refleksjon som metode i Språkløyper
Forandring er ikke det vanskelige. Atskillig vanskeligere enn å gjennomføre forandringer er det å finne ut hva som fungerer, forstå hvorfor det fungerer, oppfatte når man bør forandre seg, og vite når man ikke bør gjøre det (Collins & Hansen, 2012:128).
Sentrale verktøy for den skulebaserte kompetanseutviklinga i Språkløyper er å etablere læringsfellesskap, fremje lærarsamarbeid og leggje til rette for refleksjon.
Det å stille spørsmål, utveksle idear, drøfte metodeval og reflektere over praksis og erfaringar i dialog med sine kollegaer vert framheva som essensielt i mykje av litteraturen som handlar om skuleutvikling og kunnskapsdanning, ofte med referanse til John Dewey.[ii] Både erfaring og utforsking (experience og inquiry) er sentrale omgrep hos Dewey, som viser til at all kunnskap er erfaringsbasert, men at det også trengs tenking og refleksjon for at utforskinga skal føre til ny erfaring og læring: …thinking is a process of inquiry, of looking into things, of investigating. (…) [Inquiry] is seeking, a quest, for something that is not at hand (Dewey sitert i Brandi& Elkjær 2011:32).
Spørsmål til refleksjon er derfor eit bærande element i Språkløyper, og det vert lagt opp til reflekterande samtalar både i forkant, undervegs og som avslutning av øktene. Utforskande samtalar i profesjonelle læringsfellesskap kan bidra til å vidareutvikle god praksis. Dialogen i læringsfellesskapet kan bidra til at taus kunnskap blir gjort eksplisitt, at eksisterande kunnskap vert forhandla, praksis justert og ny kunnskap utvikla.[iii] Korleis ein etablerer ein trygg og god samtalekultur på eigen skule bør ein derfor også setje av tid til å samtale om i starten og undervegs i arbeidet med Språkløyper.
Refleksjonane er det viktigaste for å drive utvikling, fordi det er i møte med andre menneske at ein vert utfordra på eigen og andre si oppfatning og forståing av ulike situasjonar. Når vi får reflektert over eigen praksis, er vi bedre rusta til å forstå kor vi skal. I staden for å seie «slik gjer vi det her», må vi dreie fokuset på «kva gjer vi, og kvifor gjer vi det?». Det faglege innhaldet i Språkløyper er meint å utfordre lærarane til å drøfte eigen praksis, samtidig som det vert gitt ressursar til ny kunnskap. Det er i skjæringspunktet mellom eksisterande og ny kunnskap at utvikling oppstår, og ein får utvida evna til å handtere situasjonar.[iv]
Referanser:
Brandi, U & Elkær, B (2011): Organizational Learning Viewed from a Social Learning Perspective. I Easterby-Smith, Mark og Lyles, Marjorie A. (red.): Handbook of Organizational Learning & Knowledge Management, second edition.
Collins, J. & Hansen,M.T. (2012). Great by choice. Oslo: Universitetsforlaget
Collinson, V., Cook, T.F. og Conley,S. (2006). Organizational Learning in Scholls and Shool Systems: Improving Learning, Teaching, and Leading, Theory Into Practice, 45:2, 107-116
Ertsås, T.I & Irgens, E.J (2014). Fra individuell erfaring til felles kunnskap: Når kompetanseutvikling er virkemiddel for å skape bedre skoler. I M.B. Postholm (red), Ledelse og læring i skolen. Oslo: Universitetsforlaget
Hattie, J. (2013). Synlig læring - for lærere. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
Helstad, K. (2014) Profesjonelle læringsfellesskap: Kunnskapsutvikling gjennom samtaler. Bedre Skole nr. 1
Helstad, K (2013). Kunnskapsutvikling blant lærere i videregående skole. En studie av et skoleutviklingsprosjekt om skriving i og på tvers av fag. PhD-avhandling, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Oslo
Klemsdal, L (2006). Den intuitive organisasjonen. Oslo: Gyldendal Akademisk
Postholm,M.B.; Engvik,G.; Fjørtoft,H.; Sandvik,L.V; Wæge,K; Irgens, E.J. & Dahl,T. (2013): En gavepakke til ungdomstrinnet? En undersøkelse av den skolebaserte kompetanseutviklingen på ungdomstrinnet i piloten. Lasta 16.01.15 fra www.udir.no
Utdanningsdirektoratet (2013): Rammeverk for skolebasert kompetanseutvikling på ungdomstrinnet. Oslo: Udir. Lasta 23.04.15 fra www.udir.no
[i] Hattie 2013, Helstad 2013, Postholm m.fl 2013
[ii] Brandi&Elkjær 2011, Collinson m.fl 2006 og Ertsås&Irgens 2014
[iii] Helstad 2014
[iv] Klemsdal 2006