Evaluering og oppsummering 2: Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs
1. Leiinga (ved rektor) hentar fram og presenterer igjen resultatet av analysen de gjorde i økt 1, og ser på det forbetringspotensialet de då fann at skulen hadde.
2. Diskuter og vurder dagens situasjon med utgangspunkt i spørsmåla under:
Forslag til organisering: IGP
I (Individuell tenketid)
G (Diskuter i grupper)
P (Del tankar i plenum)
- Korleis vurderer de skulebiblioteket i dag?
- På kva måte har arbeidet med kompetanseutviklingspakken betra bruken av biblioteket på skulen?
- Kva må til for at skulen skal oppretthalde og vidareutvikle god kvalitet på skulen sitt bibliotek?