Evaluering og oppsummering 1: Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs

  1. Leiinga (ved rektor) hentar fram og presenterer igjen  resultatet av analysen de gjorde i økt 1, og ser på det forbetringspotensialet de då fann at skulen hadde.

  2. Diskuter og vurder dagens situasjon med utgangspunkt i spørsmåla under:

  • Korleis vurderer de skulebiblioteket i dag?
  • På kva måte har arbeidet med kompetanseutviklingspakken betra bruken av biblioteket på skulen?
  • Kva må til for at skulen skal oppretthalde og vidareutvikle god kvalitet på skulen sitt bibliotek?

 

Forslag til organisering: IGP

  • I = individuell tenketid
  • G = diskuter i grupper
  • P = del tankar i plenum