Prøv ut i praksis: Å stille spørsmål som fremmar engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga

I artikkelen «Å stille spørsmål som fremmar engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga» vert det vist til kva Heather Lattimer (2008) meiner kjenneteiknar essensielle spørsmål i samfunnsfaga:

  1. Spørsmåla tek opp dei store ideane i historie/samfunnsfag.
  2. Spørsmåla har meir enn eitt akseptabelt svar.
  3. Spørsmåla forbinder fortida til notida.

 

Samarbeide om å formulere engasjerande spørsmål eller utfordrande påstandar som de vil prøve i eiga undervisning. Vel eit av alternativa under:  

Alternativ 1: Ta utgangspunkt i eitt eller fleire måla i faget som de skal arbeide med i nær framtid. Prøv ut korleis de sjølv kan formulere engasjerande spørsmål eller utfordrande påstandar som fremmar deltaking, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga. Bruk vedlegget Å formulere engasjerande spørsmål og utfordrande påstandar, og følg framgangsmåten. Drøft korleis spørsmålet/påstanden er eigna til å engasjere elevane til utforsking og kritisk tenking. 

Alternativ 2: Planlegg og gjennomfør eit undervisningsopplegg som dreier seg rundt eitt av dei sentrale samfunnsfaglege spørsmåla eller ein av påstandane de diskuterte i tilknyting til artikkelen av Staurseth. Drøft korleis spørsmålet/påstanden kan tilpassast undervisningssituasjonen. Ta vare på dokumentasjon/data (som spørsmål, påstandar, tekstar, elevsvar) frå gjennomføringa som viser korleis elevane arbeidde med spørsmåla/påstandane. 

Tips: Ta vare på spørsmål og påstandar de formulerer i denne økta. Dei kan også brukast som utgangspunkt i økt 4, som handlar om å utvikle sjølvstending og kritisk tenking gjennom skriving.

 

Erfaringsutveksling: 

Avtal når de skal utveksle erfaringar frå praksisutprøvinga. Vurder korleis spørsmåla/påstandane fungerte i undervisninga med utgangspunkt i dokumentasjonen frå gjennomføringa. Diskuter:

  • Fremma spørsmåla/påstandane fagleg engasjement, refleksjon og argumentasjon? Kvifor/ kvifor ikkje?
  • Kva for kvalitetar ser de i spørsmåla/påstandane som vart brukt?
  • Kva vil du gjere annleis neste gong? Kvifor?