Gjennom å arbeide med lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga skal elevane få moglegheit til å vere nysgjerrige, undre seg og utforske både samfunnet rundt seg, og nasjonale og globale problemstillingar. Det er sentralt i faget at elevane kan ta del i demokratiske prosessar, engasjerer seg som aktive medborgarar og å tenke kritsk, dei må reflektere over eigen identitet og rolla si i samfunnet. Kva kompetansar fordrar dette av elevane?