Arbeid med ord og omgrep - diskusjon

Diskuter spørsmåla under i grupper:

  • Tekstar i ulike fag må lesast på ulike måtar. Korleis kan du modellere for elevane dine kva for lesemåte dei bør ta i bruk for å komme inn i teksten?
     
  • Etter lesing må elevane få moglegheit til å arbeide med omgrepa på ein slik måte at dei aktivt og sjølvstendig kan bruke fagspråket. På kva måtar kan du leggje til rette for det i dine fag?