Film: "Stillasbygging på makro- og mikronivå"
Denne økta viser at skriveopplæring inneber ulike typar av støtte og at denne må planleggjast av læraren. Omgrep som stillasbygging, både på makronivå og mikronivå, blir klargjort. I tillegg kjem konkrete eksempel på ulike typar av støtte.
Fagfilm med førsteamanuensis Anne Håland frå Lesesenteret.
Diskuter i grupper etter filmen:
- Korleis byggjer du stillas på makronivå?
- Kva kjenneteiknar stillasbygginga på mikronivå?