Prøv ut i praksis: Informasjonskompetanse

Lag eit undervisningsopplegg i informasjonssøk og kjeldekritikk som de prøver ut. Hent gjerne idèar og inspirasjon på  https://www.skolebibliotek.no/.

På neste samling skal kvart trinn presenterer opplegga om informasjonskompetanse, og dele erfaringar med utgangspunkt i desse spørsmåla: 

  • Kva var målet og innhaldet i undervisningsopplegget? 
  • Kva rolle spelte skulebiblioteket og skulebibliotekaren i opplegget?  
  • Kva fungerte bra, og kvifor? 
  • Kva ville de gjort annleis, og kvifor?