Refleksjon over egen praksis - "pedagogisk loppemarked"
Oppdraget frå forrige samling var å planlegge og prøve ut minst to ulike måtar å aktivere eller bygge forkunnskap hos elevane. Ta med deg dei erfaringane du gjorde frå denne utprøvinga og samtidig alt du tidlegare har brukt til å aktivere eller bygge forkunnskapar, heile metodearkivet ditt; både gamalt og nytt, det du har lykkast med og noko du kanskje ikkje tykte fungerte så bra. I erfaringsdelinga denne gongen skal vi bruke ein metode vi kallar for «pedagogiske loppemarked».
Pedagogisk loppemarked:
«Loppemarkedet» har fire kategoriar; «spesialavfall», «skryteliste», «idehjørne», «det gløymte bakrommet». Prøv å ha med minst tre «ting» til kvar av kategoriane. På marknaden skal de dele metodane og diskutere erfaringar de har gjort.
Organisering:
- Gruppe på 3-4
Utstyr:
- Post-it lappar (gjerne ei farge per gruppe)
- Ein loppemarknad (A3 ark) per gruppe.
- Ein stor loppemarknad (plakat) til oppsummering i plenum.
Over: Eksempel på plakat
IGP
Oppgåve:
- Kva ulike måtar har du brukt for å aktivere eller bygge forkunnskapar hjå elevane på?
Individuelt:
Kvar deltakar noterer sine metodar/lopper på post-it lappar og limer dei på pulten framfor seg.
NB! Ei loppe per lapp! (5 min.)
Gruppa:
Ein og ein presenterer loppene sine.
Gruppa diskuterer kvar i loppemarknaden dei skal legge ho. Når alle har presentert sine lopper kan ein fylle på metodar ein har kome på undervegs. (20 min)
Plenum:
Felles oppsummering.
Heng opp plakaten pedagogiske loppemarknad. Ei og ei gruppe presentere sine forslag. (20 min)
Alternativ: La ei gruppe presentere spesialavfallet, ei skrytelista, ei idehjørna og ei det gløymde bakrommet. Ta bilete av marknaden og legg det på felles plattform.