Å gje gode lesebestillingar: Oppgåve
Individuelt ( 2 min):
- Skriv ned 2 lesebestillingar/metodar som du har hatt god erfaring med. Det vil seie lesestrategiar/verktøy som hjelper elevane til å lese målretta; til dømes leite etter omgrep, lage spørsmål til teksten, skrive faktasetningar osv.
Gruppe (20 min):
Del strategiane og erfaringane med kvarandre ved å fortelje kva som var målet med kvar av dei.
- Kva tekstar du nytta strategiane til?
- Kva du meiner det var som gjorde at dei blei så vellykka?
- Til slutt: Til kva andre tekstar og føremål kunne de brukt strategiane?