Oppdrag til utprøving i praksis: Å skrive i ulike fag

Vel eit fag som du ønskjer at elevane dine skal skrive ein tekst i. Vel ein teksttype som er relevant i faget. Bruk gjerne skrivetrekanten (under) som utgangspunkt for planlegginga.

  • Kva må du som lærar gjere for at elevane skal ha noko meiningsfullt å skrive om?
  • Korleis kan du legge opp undervisninga slik at elevane kan uttrykke seg på ein måte som er i tråd med formålet?
  • Kven skal lese tekstane, og skal dei publiserast? 

Dokumenter prosessen slik at du kan dele erfaringar med andre kollegaar.

Image
Skrivetrekanten - modell

 

Ressurser

Ressursar som støtte og til inspirasjon i det vidare arbeidet:

Naturfag

Norsk