Bruk av pakka "Nynorsk som hovudmål"
Her følger informasjon til deg som skal leie arbeidet med Nynorsk som hovudmål. Du vil finne ei oversikt over innhaldet i kompetanseutviklingspakka, og forslag til korleis de kan gjennomføre arbeidet.
Førebuing:
Det er viktig at du/de som skal leie arbeidet på skulen, har hatt tid til å bli godt kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Særleg viktig er det å ha sett seg godt inn i oppdraget til neste samling som kjem til slutt i kvar økt.
Målgruppe:
Nynorsk som hovudmål er retta mot alle lærarar som underviser i ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Organisering:
Innhaldet er fordelt på fire økter. Vi anbefaler at øktene vert gjennomførte i kronologisk rekkefølge. Øktene vekslar mellom formidling gjennom film og refleksjonsoppgåver for deltakarane. Det kan vere ein fordel at du/de som leier arbeidet har tenkt gjennom på førehand korleis de vil dele personalet inn i grupper. Vi foreslår grupper på tre til fem. Deltek heile avdelinga, kan ein vurdere om det er hensiktsmessig å dele inn etter trinn.
Vi ser det som svært viktig at du/de som leier arbeidet, set av godt med tid til refleksjonsarbeidet som er planlagt mellom øktelementa, og at du/de held fast på at oppdraga skal gjennomførast. Erfaring med kompetanseutvikling i profesjonelle læringsfellesskap viser at ny kunnskap først blir del av eksisterande praksis når deltakarane blir engasjerte og utfordra til å prøve ut det dei har lært.
Økt 3, Arbeid med ord og omgrep er henta frå pakken «Å lese i alle fag». Dersom de har gjort denne økta tidlegare, kan de hoppe rett til økt 4. Erfaringsdelinga etter oppdraget i økt 2 er lagt til økt 4. Økt 3 er utan erfaringsdeling og oppdrag.
Økt 1 - Introduksjon: Motivasjon og identitet
I denne økta vil vi sjå nærare på elevane med nynorsk som hovudmål sine haldingar til eige skriftspråk. Vi vil også diskutere om der er ulike måtar vi kan hjelpe nynorskelevane til å bli trygge nynorskbrukarar og utvikle sin språklege identitet.
Økt 2 – Det nynorske tekstmangfaldet
Målet med denne økta er å bli medvitne kor viktig det er å gje elevane læremiddel og lesestoff på hovudmålet sitt, og kva rettar elevane har til å få dette. Vi viser til nettstader der de kan finne nynorske tekstar til faga utanom lærebøkene.
Oppdraget i økt 2 skal de diskutere i økt 4.
Økt 3 – Arbeid med ord og omgrep
Intensjonen med denne økta om språklege ferdigheiter, er å bli meir bevisste på korleis ein som leselærarar kan hjelpe elevane i ulike fag sine tekstar og tekstkulturar.
Denne økta er ein del av pakken «Å lese i alle fag». Det er mogeleg å hoppe rett frå økt 2 til økt 4 om ein har gjort denne økta tidlegare. Økt 3 er utan erfaringsdeling og oppdrag.
Økt 4 – Å samanlikne språket i tekstar på nynorsk og bokmål
I denne økta viser vi korleis det kan vere ein ressurs for elevane å bruke kjelder på bokmål av og til. Elevane kan ha nytte av å lese fagstoff i utgåver på begge målformer, både når dei skal forstå innhaldet i det dei les, men også når dei skal skrive sjølve.
(Økt 5 – Språkleg rettleiing av nynorske fagtekstar. Kjem hausten 2019)
Utstyr:
Til alle øktene treng de framvisingsutstyr med lyd, notatark og skrivesaker.
Til økt 1 treng alle deltakarane eit eksemplar av skjemaet: «Tiltak som kan hjelpe elevane å bli trygge nynorskbrukarar»
Til økt 2 treng alle deltakarane kvar si utskrift at teksten: «Det nynorske tekstmangfaldet».
Rammer:
Det er lagt opp til at arbeidet med ei økt vil ta om lag 45-50 minutt.
Forankring i læreplanar og forskrifter:
Presentasjonane i denne pakka er i tråd med lesing og skriving som grunnleggande ferdigheit slik det vert presentert i Kunnskapsløftet (LK06) og i ”Rammeverk for grunnleggende ferdigheter” (Udir 2012).
Presentasjonane er også forankra i opplæringslova (§ 2-5), forskrift til opplæringslova (kapittel 17), den noverande, generelle delen til læreplanverket og ny, overordna del til læreplanen (trer i kraft ved fagfornyinga 2020).
Kopling til andre kompetanseutviklingspakkar og forslag til vidare arbeid:
Pakken «Nynorsk som hovudmål» passar å gjere før eller etter pakkane «God skriveopplæring» og/eller «God leseopplæring». Dei to pakkane handlar om korleis ein kan arbeide med lese- og skriveopplæring i alle fag på begge målformer. Pakken «Nynorsk som hovudmål» tek i tillegg føre seg nokre utfordringar elevar med nynorsk som hovudmål kan ha, og kva vi som lærarar kan gjere for å møte desse utfordringane.
Frå pakken «Nynorsk som sidemål», vil økt 3 «Å arbeide med kreativ skriving», økt 4 «Kreativ skriving del 2» og økt 6 «Å arbeide med nynorsk litteratur som utgangspunkt for kreativ skriving» vere aktuelle for nokre av lærarane.